I boka Soga om Hørteverket, Hørtesogelaget 1984, s. 182ff, forteller Jon Hvitsand denne tradisjonsstubben. Lenger ut i boka (s. 456) sier han: "Sara Nilsdtr. (Ruth) var ei kjent bakstekjerring. Det er om Sara soga fortel på s. 183." Sara var født 1786 i Bø i Telemark og døde 1867. Hun var min tipp-tipp-oldemor.



Kræmardråpet ved Mannebru


Ein mørk og hustren haustkveld sit som vanleg ein liten flokk arbeidsfolk kring det slitne bordet i Storskott, hølkar øl og spelar terning eller kort. Gastgjevarkona har jamt ærend ned kjellarlemmen med ølkanna og tome krus. Der nede er det nok å ta av frå den digre øltunna og brennevinsankeren.

Da glid stugudynna opp og inn stig ein framandkar i ein framandsleg klædebunad, og med ei diger lærskreppe i eit sterkt fessel over eine oksla. Dei skjønar fort at det er ein skreppekræmar dom har framfyre seg. Det fòr så mange slike over bygdene i den tida. Dette var kring 1820.

Kræmaren fær skreppa av oksla og set ho varsamt ned på golvet innanfor dynna, snur seg rundt og helsar, legg hatten sin opp på skreppa og tørkar svetten med eit stort raudt plagg og stig fram til bordet og sessar seg med ryggen mot veggen, snur seg til gastgjevarkona og bed om ein stor seidel øl. - Denne fær han straks av viljuge hender. Han drikk lenge og godt, hallar seg så mot veggen og rapar.
Om litt fortel han at han nyss kom frå Seljordskanten, men tok av vegen og hit i desse krongleholune. - "Det er pokkern til fillevegar de har her," seier han og tek seg ein god slurk øl til. -

Tek han så opp ein stor og sliten lærpong som er fest til beltet og tømer ut ein liten haug av blanke skillingar og sølldalerar på bordet, blær ut ein skinande daler og gjev kona. - "Ta han heil," seier han, "ølet ditt gjorde meg så godt!" - - Da fær han rikeleg med øl til, ein matbete og eit par dugelege drammar. Han ser seg rundt på dei skumle og harde andleta som glor liksom hypnotisera på pengehaugen. - Mannen er pratug. Han gjev seg til å fortelja om dei mange underlege hendingar han har opplevd. - Men dei glor holeygde på pengane og dultar til ein annan med olbogane. Ein av dom spør så hårre den karen er ifrå og hårre han eslar seg av. Han seier han er hallingdøl og eslar seg om Ulefoss til Skien, der han vil ta seg skjuss over mot Østlandet.

Det blir terningkast og fleire drammar, og mannen tapar mange blanke skillingar. Men han bare lær og slær pâ at der er fleire der dei andre kom ifrå. Og karane lyer. "Ja, den som vide far blir mykje var!" mæler gastgjevarkona. -

Endeleg bryt han opp. Gastgjevarkona spør om han ikkje vil ha husvøru til dagen gryr, men det vil han ikkje. Han lettar skreppa på oksla att, bed velleva og stomlar ut i mørkret. - I medan har 3 av karane fare sin veg og lagt seg nede under berget med hver sin digre bjørkelurk.

Om ei beite merkar dom at han stolpar forbi. Men mørkret er så stint at dom ser honom ikkje tydeleg. Dei følgjer etter i høveleg fråstand.

Da dom har nådd den bratte og skogtette lia ovanom Mannebru, er dom tett etter honom og ser honom skillegare. Da kringset dei honom og slær honom ned i vegen med lurkane. Han fær ikkje tid til å skrike.
Dei ribbar honom for skreppa og lærpungen, dreg honom ned den bratte lia til ein liten kulp eller høl med ei sværveti på nordsida av brua. Der sekker dom liket ned. Dom tek seg ikkje stunder til meire med det same. Han er så vidt gøymd i den vesle kulpen.

Men gråtidleg neste morgon kjem ein kar kjørande med eit halmlass. Dom hentar liket og lesser det godt ned med halm, kjører det til Sperrud i Bø og grev honom ned under dei gamle lugune der. Han som kjørte lasset var frå Sperrud og var den eine av dråpsmennene. Den andre var frå Dølenne og den tredie ein Anund Haugen, alle 3 frå "måsåsida". -

Medan dei heldt på og masa med dette ute ved Mannebru, kom ei bakstekjerring traskande etter vegen og fekk sjå det heile. Dermed tok dom ho og hengde henne etter hårflettune utanfor brua, og meinte på at dei slepte henne i svarte høldjupet dersom ho ikkje høgt og heilagt lova at ho ikkje skulle gjeta med eit ord til nokko levande menneske hått ho hadde sett og opplevd. Kjerringa var livredd og lova det. Dermed drog dom ho innatt på brua, og ho fekk springe sin veg.

- Same morgonen som dråpet gjekk for seg, skulde Nils Herleiksson, opp til Gaara og treskje med flyjilen. Da budde han i Skogedalen under Breiås. Da han kom over brua og opp i Mannebrubakken, fekk han sjå ein bloddippiil eller bloddam i sida av vegen. Han kunne ikkje skjønne hått der hadde gjenge for seg. Hått det var for eit dyr dom hadde slakta der, midt i vegen. Han gjekk bort og stakk fingrane i bloddipillen. Da kjende han at blodet var lunka, så karane har nok ikkje vore langt unna, helst nede i elvekulpen med liket. Han tenkte ikkje meire over det, men gjekk vidare.

Men med bakstekjerringa blei det eit underleg etterspel. Ho gjekk lenge og talmast med det ho hadde sett, og fekk ikkje fred for det. Endeleg gjekk ho til presten i Bø og bad om råd. Det må helst ha vore presten Georg Willumsen som var prest i Bø i 1820-åra.

Presten grunna lenge og vel. Men så sae han: "Ein så dyr lovnad må du ikkje brote. Eg skal gje deg ei råd. Næste messesundag skal du stille deg ende utanfor skruvdynna til kjørkja. Og når folket strymer ut etter messa, skal du snu deg mot næraste gravstein og seia: "Eg har lova så dyrt at eg ikkje skal seia hått eg har opplevd til nokko levande menneske, men eg vil fortelje det til deg eg, stein." Og så skal du fortelja steinen alt du har sett og hyrt i denne saka, høgt og tydeleg."

Kjerringa gjorde nøgje slik presten rådde henne til. Men da folket som kom ut or kjerkja fekk sjå kjerringa stå der og tale til gravsteinen, stogga dom og lydde. Og såless kom heile denne fælslege soga ut over bygda, og blei snart omtala i hvert hus.

Men enno er ikkje denne soga endt. Då Anund Haugen blei eldre, fekk han slike samvetsplagur at det var kie med måte. Han låg og aua seg og krøgna slik, nott etter nott, at ingen kunne vera i hus med honom. Så lae han seg i lugo, i høyet, og leigde ein 17-ring til å liggja med seg, for åleine torde han heller ikkje vera. Men det blei bare med den eine notta. Guten blei så skræmd at han rømde or lugo utpå notta, og det var ikkje maugeleg råd å få tøble han til å liggja med Anund fleire netter. Slik bar dette til.